Pil til høyre ikonVis alle arrangement

Hemn – ein rett og ei plikt fram til 1274

Middelalderklyngen / Universitetet i Bergen
Kategorier:
  • Kunnskap

Hemn var eit heilt sentralt instrument for konfliktløysing etter norsk rett fram til Landslova av 1274. Det fanst ikkje bare ein rett til å ta hemn i ein del situasjonar, men òg ei plikt. Retten og plikta til hemn var ikkje individuell, men låg på ætta. Dermed var det ætta, og ikkje tinget som domstol, som avgjorde om hemn var ein rettmessig reaksjon på ei fornærming. Men det er bare restane av hemnretten ein finn nemnt i Den eldre Gulatingslova og Frostatingslova. Gradvis vart denne retten avgrensa før den til slutt vart avskaffa i 1274. Men gjennom omskriving av Landslova, vart den likevel delvis innført på ny, og stod ved lag til Kristian IVs norske lov av 1604. Ved ein inkurie var den mellomalderske hemnretten innført på ny i utruskapssaker med Kristian Vs norske lov av 1687, og vart ikkje endeleg avskaffa før i 1842.

Føredraget er ein del av foredragsrekkja Mellomalderforum, som denne våren har temaet "Lov og rett i mellomalderen" og er arrangert av forskingsprosjektet Mellomalderlov i endring/Transformations of Medieval Law ved Universitetet i Bergen i samarbeid med Middelalderklyngen.

Alle er velkomne!

Har du spørsmål, ta kontakt med arrangøren på sidene deres: Middelalderklyngen / Universitetet i Bergen