Pil til høyre ikonVis alle arrangement

Kvinner si rettslege stilling i mellomalderen

Middelalderklyngen / Universitetet i Bergen
Kategorier:
  • Kunnskap
Byhistorie

Desse kvinnene hadde nok ei vanskeleg stilling i samfunnet, men samstundes ser vi at dei på fleire felt hadde rettar som heilt eller delvis sidestilte dei med menn. Enkjer, og til dels jenter som har motteke arv, hadde større handlefridom enn andre kvinner innanfor heile det norrøne området, men etter norske lover har desse kvinnene ei uvanleg sterk stilling. Etter fleire lover går det fram at dei m.a. har rett til å føre sine eigne saker på tinget, dei har i nokre høve rett til å kalle saman ting, og dei har også plikter etter lovene som normalt ville tilfalle husbonden. I lovrevideringa som set inn under styringstida til Håkon Håkonsson, og vert ført vidare i Landslova, får også jenter som har motteke arv, stadig større rett til sjølve å velje ektemake.

Mundal vil gå gjennom dei rettar og plikter kvinner som står åleine har etter norske mellomalderlover, men hovudvekta vil liggje på ei drøfting av kva rettsprinsipp som vert lagde til grunn når kvinner får rettar som nærmast sidestiller dei med menn.

Føredraget er ein del av foredragsrekkja Middelalderforum, som denne våren har temaet "Lov og rett i mellomalderen" og er arrangert av forskingsprosjektet Mellomalderlov i endring/Transformations of Medieval Law ved Universitetet i Bergen i samarbeid med Mellomalderklynga.

Alle er velkomne!

Open lecture about women's rights in medieval times in Norway.

Har du spørsmål, ta kontakt med arrangøren på sidene deres: Middelalderklyngen / Universitetet i Bergen