Pil til høyre ikonVis alle arrangement

Vestlandskunstnarar frå fortid til notid

Bymuseet i Bergen
Kategorier:
  • Kultur
Byhistorie

Vestlandskunstnarar frå fortid til notid ved Renate Rivedal

I foredraget vert vi tekne med på ei kronologisk reise blant Vestlandet sine kunstnarar. Vi startar med Noregs fyrste kunstnar J.C. Dahl og den klassiske målarkunsten, før vi bevegar oss vidare mot modernismen, og til slutt får eit innblikk i kva som skjer på samtidskunstscena i dag. Her vert det ei mengde med kunstnarar som har ulikt uttrykk og som på forskjellig vis har ei tilknyting til Vestlandet. Vi møte både kjende og kjære kunstnarar, men også nokon som gjerne er heilt nye for publikum.

Har kunstnarane blitt inspirert av si tilknyting til Vestlandet eller går dei sine eigne vegar?

Renate Rivedal er for tida kulturrådgivar i Bergen kommune, men har også sitt eige foretak www.kunstforedrag.no der ho har foredrag rundt omkring i Noreg land. Rivedal har ein master i kunsthistorie frå UIB, og har tidligare jobba ved KODE, Lepramuseet, Bergen Assembly, Den kulturelle skulesekken og Bergen Offentlige Bibliotek.

Foredragene varer 45-60 minutter. Auditoriet er utstyrt med teleslynge. Det tas forbehold om endringer i programmet.

Grunnet smittevern er det i høst et begrenset antall billetter til mandagsforedragene for salg og alle må kjøpe billetter på forhånd.

Kaféen er åpen fra kl. 11

Entré kr. 100
BT Fordel kr. 80
Bymuseets årskort gratis


Se Mandagsforedragene hjemme i din egen stue


Vi direktesender foredraget på Internett slik at du kan se foredraget i sanntid hjemme i din egen stue på en datamaskin eller på telefonen.


Kjøp billett kr. 50 for strømming, hos bymuseet.no..

Vil du vite mer? Sjekk arrangørens nettside: Bymuseet i Bergen