Pil til høyre ikonVis alle arrangement

"KORTID, VISST IKKJE NO?" - ei konsertforestilling om å våga!

Linda Fosse
Kategorier:
  • Kultur

Noko av det inspirasjonsartist og gründer Linda Fosse har jobba med dei seinare åra er å hjelpa folk til å våga. No er ho klar med ei heilaftens musikalsk oppdagelsesreisa frå det å stå i det trygge og vante til det å våga kasta loss og la det stå til.

«Kortid, visst ikkje no?» er ei sjeldan konsertforestilling som på ein galant måte set fingeren på den frykta vi alle kjenner oss så godt igjen i. Eller som pressa skreiv etter premiera på kortversjonen av «Kortid, visst ikkje no?» på Den Nationale scene i 2014:

«Meisterleg framført. Så morosamt tatt på kornet at folk i salen brølte av latter.»

På scena 1. mai finn vi Linda Fosse, ein stødig artist som med sine tekstar, si klokkeklare og kraftfulle røyst og sitt tydelege nærver, evnar å røra deg heilt inn i hjarterota.

Saman med eit framragande orkester og modige gjestar er det duka for ein kveld vi seint kjem til å gløyme. 

AV OG MED INSPIRASJONSARTIST LINDA FOSSE

GJESTEARTISTAR: 
Leif Einar Lothe (Lothepus)
 og Øyvind V. Kjeksrud



Har du spørsmål, ta kontakt med arrangøren på sidene deres: Linda Fosse