Pil til høyre ikonVis alle arrangement

AVVENTER SITUASJONEN/RETNINGSLINJER: Sommardag ved fjorden

Bymuseet i Bergen
Kategorier:
  • Kultur
  • Verksted
  • Kunnskap
  • Mat
Spis, Bergen!

AVVENTER SITUASJONEN/RETNINGSLINJER:

Familiedag på Hordamuseet med ekstra vekt på mattradisjonar både våre eigne men og meir eksotiske.

Arrangementet vert i det stemningsfulle uteområdet ved Fanafjorden.

Opplev den gamle krambua med hyller fylt med ting ein kunne kjøpa i eldre tider, her kan ein og få smaka kandissukker. Ta tur på fjorden i flotte oselvarar. Lær å karde og spinne ull og, sjå smeden forme glødande jern. Medan den gamla vasskverna maler korn vert det demonstrasjon av flatbrødbaking. Spikk din eigen smørekniv og lag trebåtar som du kan segla i bassenget vårt. Det vert riding for born og tradisjonell ølbrygging for dei vaksne. Og sjølvsagt vert det kafe i løa.

Utstillinga «Best før? Mattradisjonar og -vanar på Vestlandet» er open. Det er mykje historie i mat og drikke. Samspelet mellom by og land, og mellom Verda og Vestlandet, har vore avgjerande, ikkje berre for kva ein åt, men også for at ein i det heile skulle få mat nok på bordet.

Vel møtt til ein triveleg dag for store og små der gamle tradisjonar står i fokus.

Har du spørsmål, ta kontakt med arrangøren på sidene deres: Bymuseet i Bergen