Pil til høyre ikonVis alle arrangement

UTSETTES PÅ UBESTEMT TID: Best før? Mattradisjonar og matvanar på Vestlandet

Bymuseet i Bergen
Kategorier:
  • Kultur
  • Kunnskap
  • Mat
Spis, Bergen!

UTSETTES PÅ UBESTEMT TID:

Aktivitetar, føredrag og smaksprøvar på tradisjonsmat

Medan framande rettar som pasta, pizza og taco har skylt over oss moderne vestlendingar, har vi nytta tradisjonsmaten som ankerfeste. Korleis var eigentleg kosthaldet i eldre tid? Var måltida til forfedrane våre nærande og mettande, tiltalande og velsmakande? Er mattradisjonane våre så gamle, urokka og særeigne som vi trur? Dette og mykje meir får en svar på i den nye utstillinga på Hordamuseet.

Det er mykje historie i mat og drikke. Kva er vel meir naturleg ved Bergen sitt 950-årsjubileum enn å sjå attende på kva mat byfolk og strilar har ete gjennom desse åra? Samspelet mellom by og land, og mellom Verda og Vestlandet, har vore avgjerande, ikkje berre for kva ein åt, men også for at ein i det heile skulle få mat nok på bordet.

Opning av utstillinga, føredrag og boksignering ved forskar og forfattar Annechen Bahr Bugge.

Arrangementet har fått støtte fra Bergen kommunes jubileumsbudsjett.

Har du spørsmål, ta kontakt med arrangøren på sidene deres: Bymuseet i Bergen