Pil til høyre ikonVis alle arrangement

Bergen, kem e du?

Det Vestnorske Teateret
Kategorier:
  • Kultur
Nabolaget Bergen

Ei utforsking av Bergens identitet med Gunnstein Akselberg, Bjørg Eli Eide og Lina Taule Fjørtoft, med musikalsk innslag av Silja Sol. I Logen Bar.


Varigheit: ca 2 t med pause.


Bergen er 950 år i år og det skal feirast. Men kva meiner vi eigentleg med Bergen? Tyder det at Bergen er 950 år i 2020, eller tyder det at byen Bergen er 950 år? Kva er skilnaden på Bergen og byen Bergen? Og kva meiner vi eigentleg med bergensar, og det bergenske?

Ofte vert Bryggen, Ulriken og buekorps framheva som det bergenske, men kva med det som er på baksida av Ulriken og det som er gjennom og på andre sida av dei sju fjell?

Bergen har åtte bydelar, og strekk seg frå Trengereid i øst, Hordvik i nord, Krokeide i
sør og Rauneskjerane langt i vest, men slik har det ikkje vore i 950 år. Ikkje dei siste 100 åra heller. Det som før var langt utpå landet, er no ein del av Bergen. Og det som no er midt i bysentrum, som Nonneseter og Marken, vart sett på som langt utpå landet før.

Kva har skjedd med identiteten vår undervegs og ikkje minst språket vårt? Etterkvart som tog, buss, bil, båt, trikk, bru, tunell og bybane har knytt oss saman. Det er ikkje alle bydelar som blir sett på som ein del av Bergen av alle bergensarar. Og statistikken kva viser den? Byen snik seg vidare utover sine grenser, og der det før var klart å skilje kor du kom frå ut frå språket ditt, er det kanskje ikkje lenger sjølvsagt, eller?

Bli med på eit dykk inn i den Bergenske identitet, slik den var før og slik den er no, vi spør: «Bergen, kem e du?»

«Bergen, kem e du?» er den første kvelden i ei lengre rekke med arrangement med fokus på Bergens identitet. Gjennom ulike kveldar vil vi ta for oss ulike bydelar og sjå om vi klarar å finne pulsen til Bergen, kven vi var før, kven vi er i dag og kvifor.

Fagpanel:
Gunnstein Akselberg - språkprofessor
Bjørg Eli Eide– Hordaland mållag og Bergen mållag
Musikalsk innslag: Silja Sol
Programleiar: Lina Taule Fjørtoft

Vil du vite mer? Sjekk arrangørens nettside: Det Vestnorske Teateret