Pil til høyre ikonVis alle arrangement

LIVE! Samhold - direkte frå Kulturhuset Sentrum!

Ytre Arna Brød og Sirkus
Kategorier:
  • Kultur

Samhald i Koronaen si tid - direkte frå Kulturhuset Sentrum!

LIVE: facebook.com/kulturdagariarna/live

Ytre Arna Brød & Sirkus kjenner veldig på den sosiale distanseringa og saknet etter daglege rutinar og ikkje minst onsdagskaféen vår.
Men sakn kan vere godt å kjenne på også, det kan få deg til å tenkje annorleis og vere kreativ.

Me har invitert nokre personar me saknar veldig og set stor pris på til ein litt annorleis nabolagskafé.
Me klargjer festsalen i Kulturhuset Sentrum til suppe, samhald og Kulturknekk!

Heidersgjester i salen er:
Inge Olsen
Alf Kåre Blindheim
Bjørn Bremerthun
Alwynne Pritchard

Heidersgjest heimanfrå er: Deg, sjølvsagt!

Dei i salen skal ete, underhalde kvarandre og dykk, småprate om stort og smått og saman få ei vonaleg fine stund i denne heilt spesielle tida me lever i saman.
Innimellom blir det kanskje eit innslag eller to.

Janne si legendariske fiskesuppe vil bli servert til gjestene.
Handleliste og oppskrift med framgangsmåte vil bli lagt ut i god tid, slik at du kan lage den same fiskesuppa heime på ditt eige kjøken!
Pakkar med fisk kan hentast på Aasgårdskaien på eit senare oppgjeve tidspunkt.

Har du lyst til å sende ei lita videohelsing til nokon av våre gjester eller oss? Send videosnutt til brodogsirkus@hotmail.no

Vil du vite mer? Sjekk arrangørens nettside: Ytre Arna Brød og Sirkus