Pil til høyre ikonVis alle arrangement

Bedehus – musikkteater med Tabula Rasa

Bergen kirkeautunnale
Kategorier:
  • Kultur

I Bedehus (Work in Progress) får publikum fragment av minner, smakar og framtidshåp. Har bedehuset mista seg sjølv på vegen? Er dørene opne nok for sleppe framtida inn?

Bedehus er eit samarbeid mellom vokalensemblet Tabula Rasa, komponist og pianist Else Olsen S, regissør Ingrid Askvik og scenograf Silje S. Kise. Tabula Rasa arbeider saman med Olsen S. med utforminga av eit verk basert på bedehuskulturen, ut frå eit samtidsmusikalsk perspektiv.

Olsen S. arbeider i den eksperimentelle sjangeren, men blandar gjerne inn bedehusmusikk og folkemusikk. Det forrige verket hennar, Mormor (2018), er eit variasjonsverk for preparert piano, basert på bedehussalmar. Dette verket vert og framført under Autunnalen, søndag ettermiddag i Bergen domkirke.

Askvik og Kise jobber med den sceniske utforminga av forestillinga. Dei leikar seg assosiativt med bedehusets performativitet, ritualer og estetikk. Dei tek verket ut av dei reine musikalske rammene og former Bedehus til ei oppleving der publikum er både innanfor og utanfor - betraktande og deltakande.

Dette arbeidet skal resultere i eit musikkteaterverk på om lag 45 minutt, som skal ferdigstillast for turné i 2021.

Arrangeres i samarbeid med nyMusikk Bergen.

Vil du vite mer? Sjekk arrangørens nettside: Bergen kirkeautunnale