Pil til høyre ikonVis alle arrangement

Det kom eit skip til Bjørgvin

Middelalderklyngen
Kategorier:
  • Kunnskap
Byhistorie

Kan koronapandemien hjelpe oss å forstå korleis folk opplevde Svartedauden i mellomalderen? Kan vi forstå fortvilinga og frykta dei må ha kjent då sjukdom og død herja i Europa? Svartedauden var katastrofal, og tok livet av meir enn halvparten av befolkninga. Pesten vart gjerne forklart som Guds straff for menneska sine synder. Medan vi i dag beskyttar oss mot koronapandemien med handvask og heimekontor, var «krisetiltak» som vart sett inn i mellomalderens Bergen fleire dagar med botsgang og intens bøn. Spelte byane likevel ei rolle som spydspiss i helsestell med sine hospits og fattighus i kyrkjer og kloster? Eller var det nettopp i byane faren for smitte var størst? Kan vi sjå parallellar mellom fortidas og dagens krisehandtering?

Gøril Grov Sørdal frå NRK er debattleiar.

I panelet:

Ole Didrik Lærum, professor i patologi og kreftforskar ved Københavns Universitet / Rigshospitalet i København

Alf Tore Hommedal, førsteamanuensis mellomalderarkeologi, Universitetsmuseet i Bergen

Ingvil Brügger Budal, professor i nordisk språkvitskap, Høgskulen på Vestlandet

Else Mundal, professor emerita, norrøn filologi, Universitetet i Bergen

Geir Atle Ersland, professor i historie, Universitetet i Bergen

Arrangementet er en del av Middelalderuken: www.uib.no/middelalderuken2020

Vil du vite mer? Sjekk arrangørens nettside: Middelalderklyngen