Finn Sunniva
Vi har laga ei Sunnivaløype som passar for både familiar, ungdom og andre interesserte! Møt opp på Kristkyrkjetomta på Bergenhus festning (bak Håkonshallen) lørdag 5. september kl. 11:00. Mål på Torgutstikkaren kl. 14:00, der det blir konsert m.m. Det er aktivitetar undervegs på postane.
Bill. kr. 0/50/200 (for familiar med 2 born+). Heiter du Sunniva, går du gratis. Til sals, berre på nett: TicketCo.no
Ifølge legenda var Sunniva ei kristen irsk kongsdotter som levde på 900-talet. For å unngå ein heidensk friar, flykta ho med eit stort følgje på tre skip som dreiv utan årer og segl mot Noregs kyst. Dei landa på øya Selja og søkte tilflukt i holer.
Sta. Sunniva er vernehelgen for bergensere og Vestlandet. Ho har betydd mykje for byen vår.
Vil du vite mer? Sjekk arrangørens nettside: Bjørgvin bispedøme, Bergen domkirke menighet, Universitetsmuseet i Bergen