Pil til høyre ikonVis alle arrangement

Batterie Fjell og Atlanterhavsvollen

Bergens Sjøfartsmuseum
Kategorier:
  • Kunnskap
Havbyen Bergen

Velkommen til åpent foredrag om Fjell festning på museet!

Batterie Fjell (Fjell festning i norsk daglegtale) og tusenvis av andre store og små militære festningsverk er blitt del av vår felleseuropeiske kulturarv. Det underjordiske hovudanlegget på Fjell blei freda av Riksantikvaren i 2004 som døme på eit svært godt bevart tysk kystfort. Ei slik vurdering ville vore utenkeleg for 75 år sidan, men no veit vi at desse forsvarsanlegga er viktige for å forstå det historikaren Eric Hobsbawm kalla ekstermismens tidsalder. Ein tidsperiode definert av første og andre verdskrigen og der grunnlaget for den kalde krigen blei lagt.

I føredraget BATTERIE FJELL OG ATLANTERHAVSVOLLEN er bakteppet ekstremismens tidsalder. I den totalitære nazi-staten sitt forsvar av Europa, spela Batterie Fjell ei viktig rolle.

Vigleik Røkke Mathisen er medforfattar av artikkelsamlinga HISTORIER FRÅ FJELL FESTNING, utgitt i 2019 på Kapabel forlag. Mathisen er stadansvarleg på Fjell festning og utdanna historikar frå Universitet i Bergen 2003.

Føredraget er ope for alle og inkludert i vanleg billett.

Lecture about Fjell fortress and Bergen as a safe harbour for the German submarine fleet during Second World War.

Foto: Halvor Skurtveit (Fjell festning) og Museum Vest (portrett av Røkke Mathisen)

Har du spørsmål, ta kontakt med arrangøren på sidene deres: Bergens Sjøfartsmuseum